Skip to content

Niagarafalla

  

Niagarafalla er eit felles navn for tre fossefall: American Falls og Bridal Veil Falls på den amerikanske sido og Horseshoe Falls på den kanadiske sido. Til saman har dei den største gjønostrøyminga av alle fossefall i heile verda, 5 720 m3/s, som er seks gongjer meir enn Victoriafalla. Men om sommaren når vatnet omdirigerast til kraftverket er gjønostrøyminga 2 832 m3/s, og endå mindre om natta.  Dei amerikanske falla er 323 meter breie og 21 meter høge, mens dei kanadiske er 792 meter breie, 52 meter høge og 94 % av alt vatn i Niagarafallene renn gjøno dei. Nede ved Horseshoe Falls ligg ein haug med steinar etter eit steinskred i 1954. Falla er utsett for kraftig erosjon (0,6 – 3 meter per år) som flyttar dei mot Eriesjøen, som har 10 meter gjønomsnitt djupn og som før eller seinare vert tømt for vatn (botn av falla ligg lågare enn botn til Eriesjøen). Elva Niagara er 56 km lang og førar vatn inn i  Niagarafalla frå fire av dei Store sjøane (Eriesjøen, Huronsjøen, Michigansjøen a Øvresjøen) inn i Ontariosjøen, St. Lawrence-elva og til slutt Atlanterhavet. Niagara Falls State Park vart oppretta i 1885 og er vart dermed USAs fyrste statspark.

Grenso mydlo Canada og USA går mydlo fossane. Frå Canada er utsikten mot falla finast, men me var berre på den amerikanske sido (me vart jo dødsskrømt av tollaren i Seattle om at dei skulle fylgja med og ikkje ville sleppa oss inn att viss me kryssa grenso til Canada ☹

Me starta turen på Prospect Point og gjekk over brua til Goat Island som er oppkalla etter ei geit som overlevde angrepet til ulvar frå fastlandet. På vegen til fossefalla passerte me statue av Nikola Tesla, ei gåve frå tidlegare Jugoslavia til New York State til 120-årsjubileum til Nikola Tesla og samstundes 200-årsjubileum til Amerikas sjølvstende. Han var den fyrste som brukte elektrisitet frå Niagarafalla i 1896.

  

  

  

  

Frå Niagara køyrte me til Buffalo, New Yorks nest største by med 292 000 innbyggjarar. Etter opning av Eriekanalen i 1825 utvikla den seg til eit skips-, jernbane- og industrisenter. Me hadde ingjen planar i byen, men etter å ha parkert ved kunstmuseet Albright-Knox Art Gallery fann me ut at dei hadde interessante utstillingar og tok ein kik på dei. Dei historiske utstillingane om den kjente indianaren frå stammo Seneca og om immigrantar var interessante. Spesielt mange irar og polakkar har innvandra, men også afro-amerikanarar frå sørstatane. Utstillinga „Made in Buffalo“ handla om ting som har vorte laga i byen som til dømes ølet Becks.

Vegen gjekk so austover på veg 90, ein betalt veg som var mykje dårlegare enn dei fleste vegane. Me likte oss ikkje der og køyrte på den mindre trafikkerte og rolegare vegen nr. 20 (der me òg køyrte i går). For natta stoppa me i Canandaigua. Det regna litt, men det var mest byer. Me slo opp teltet og snakka med eigarane til campingjen. Dei var veldig hyggjelege og anbefalte ein tur til Lake Canandaigua, ein av 11 innsjøar som heiter Finger Lakes.

I dag prøvde me ein ny fastfood, Tom Wahl´s, som har servert hamburgere og hotdogs sidan 1955. Wahlburger med grilla skinke og majonessaus var det ikkje noko å seia på 😊