190 dagar på tur
190 dagar på tur
9 døgn rein køyretid
14 814 km (ca. 189 km/dag) frå Seattle til Washington D.C.
1 553 liter diesel
1 634 dollar (8 988 kroner) for diesel
1 liter per mil
4 av 9 tidssonar med 8 timars forskjell
75% av netter budde me på camping
Ingjen punktering
1 gong på bilverkstad
Etter 78 dagar i USA tok me farvel med detta store landet. Avstand frå vest til aust i USA er cirka 5 400 kilometer. Me køyrte 14 814 kilometer frå Seattle til Washington D.C. og brukte 219 timar (9 døgn). Bilen slukte 1 553 liter diesel som kosta 1 600 dollar.
Me var på USAs vestlegaste punkt (Cape Blanco), nordlegaste by på fastlandet (Bellingham, Washington; sidan det nordlegaste punktet er i Alaska) og me har også vore innom statar kor det austlegaste (Lubec, Maine) og sørlegaste punktet er (Key West, Florida).
I USA køyrte me gjøno fire statar på ein dag. Faktisk heile tre gonger: fyrst i Utah, Arizona, Colorado og New Mexico; so i Vermont, New Hampshire, Maine og Massachusetts; og til slutt køyrte me frå Pennsylvania til Maryland, West Virginia og Virginia 😊
Dei mest vitja attraksjonar i USA skal vera:
1. Times Square i New York
2. Las Vegas Strip i Nevada
3. National Mall and Memorial Parks i Washington DC
4. Faneuil Hall i Boston
5. Disneyworld i Florida
Me har vore på alle bortsett frå den siste, og det var før me visste om denne lista 😊